​Kjekt å få, endå kjekkare å gi!

Ei Fjordtønne skal gje deg den gode kjensla, den skal vera praktisk og vakker. Eit naturprodukt som kan brukast til kvardag og fest!

 

Vi er få igjen som brukar naturen sine materialer og eldgamle tradisjonar til å laga slike produkt i Norge. Vi har tilpassa produkta til ei moderne tid og dei oppfyller dagens hygieniske krav og ynskje om eit enkelt reinhald og vedlikehald.

 

Nedanfor finn du eit godt utval av produkta våre, men vi er fleksible og kan tilpassa til dine ynskjer og behov! Kontakt oss for meir informasjon dersom du ikkje finn det du ser etter!

Våre favorittar

Under finn du nokon av våre eige favorittar bland produkta våre! Dette er også kundane våre sine favorittar!

 

Etter dei mest populære produkta, finn du også lenke til ein komplett pris og produktliste som kan lastas ned!

Vår bestseljar nr. 1

3,5-liter tønna med refill-pose og kran


  • 3,5-liter tønna får du i 2 valfrie, ulike variantar, eik og furu!

Vår bestseljar nr. 2

3,5-liter tønna for kartongvin


  • 3,5-liter tønna får du i 2 valfrie, ulike variantar, eik og furu!

Populær blant hundeeierane


  • Til denne tønna kan du velge mellom skinnreimar i 2 valfrie storleikar, slik at den kan tilpassast hunden som skal bere tønna.

  • Hundetønna leveres normalt uten lasergravering grunna storleiken, men dette kan ordnas mot eit tillegg i prisen.

Komplett produkt- og prisliste 

Last ned vår komplette produkt- og prisliste med alle produkta frå Fjordtønna!

 

Her finn du ein god oversikt over alle varianter i ulike materialer, ulike størrelser og ulike samansetningar.

 

Mange av produkta er også avbilda i prislista!

Fjordtønna - economuséet på Tysse i Samnanger

Fjordtønna er ikkje berre ein produksjonsbedrift i Tysse i Samnanger, me er og eit mykje besøkt "museum", kor vi visar korleis vi held gamle bødtkartradisjonar i hevd gjennom vår produksjon. 

 

Der fortel vi tønnas historie, utviklingsprosessen og syner ein del av arbeidsoperasjonane frå bord og plank til ferdig tønne.

 

Fjordtønna tek og mot grupper for omvising i fabrikken. Omvisinga tek 1-1,5 time og kostar kr. 100,- p.p. (min. 15 pers). Enkel servering!

 

Ein slik omvising må tingast på førehand, så ikkje nøl med å ta kontakt på mobil 92253785 for å avtale dato og tidspunkt!

Butikk og opningstider

Fjordtønna har og ein butikk kor du kan kjøpe alle våre produkt.

 

Fast opningstid tysdag og torsdag 13.00 – 18.30.

 

Du er elles velkommen til å stikka innom oss også utanom desse dagane

– vi er som regel i verkstaden frå 7-19 på kvardagar.

Her finn du oss:

Verkstaden og butikken er på Indre Tysse 56, 5650 Tysse. 

 

Avkøyring ved Tysse bru:

Stort Economuséebanner viser vegen 200-250 meter opp frå brua. 

 

Vi har stor oppstillingsplass og snuplass like ved verkstaden.

 

 

Her finn du ein detaljert kjørerute frå Bergen til Tysse!

Fjordtønna DA

Adresse: Indre Tysse 56, 5650 TYSSE

Mobil: 92253785

Telefon: 56586325

Epost: post@fjordtynna.no

Nettsidene er laga av

Mercato Consult AS